Search
  • mari nymoen

«Mørket er en liten darling»

I Jonathan August Lengalis diktdebut om erotisk oppvakning blir intensiteten så høg at språket slår sprekkar.

Jonathan August Lengali

jonathan og sailor j.

Dikt

Forlaget Oktober 2018

95 sider

Å gå frå barn til vaksen, å forelske seg intenst og oppleve erotikk for første gong; det er tema kor klisjeane står tett, kor det knapt er mogeleg å oppleve noko som ikkje er kjent og skildra millionar gongar før. Likevel kan ein la alt det som er kjent for alle, men nytt for kvar av oss, blomstre så fritt og tett at opplevinga blir overveldande – så overveldande at språket ikkje strekk til. Det er det eg opplever at poeten Jonathan August Lengali (f. 1993) har gjort – og med det levert ein intenst talentfull debut.

Kjærleikshistoria startar alt i tittelen: jonathan og sailor j. Og første dikt fører oss forsiktig og tradisjonelt inn i det første møtet:

Jeg så deg gjennom en vegg av regn den natten du kastet et eple til meg

jeg trodde du var meg våknet og spiste tykk yoghurt var stille hele dagen

mamma kalte meg jonathan og jeg kalte deg

sailor j.

I dei påfølgjande dikta introduserer diktaren ikkje berre eple, men også den giftige tybasten som motiv, og dermed er det klart at kjenslene som blømer gjennom samlinga har både fryd og fare i seg. Først fortel poeten om den fysiske og emosjonelle transformasjonen som skjer i puberteten med ord og bilete som på ingen måte er nyskapande: «jeg // hadde hjertesorg frå første gang jeg så deg» og «himmelen er et sted på jorden». Også eplemotivet krystar han nesten til most når han skriv «tiden fra liten epleblomst til frukt, også noen måneder en sommer / kan være nok til å bli rød og søt». Dikta inneheld også ein del engelske strofer som først og fremst byggjer opp under det slangprega, tenåringsaktige, men elles tilfører lite: «tell me all the things you wanna do».

Likevel treff tonen i dikta straks, eg kjenner med ein gong fascinasjonen for det kompromisslaust ungdommelege uttrykket. Lengali fangar blandinga av det naive og det stormfulle i den første forelskinga, nostalgien knytt til å leggje barndommen bak seg og den overmodige, sjølvmedvitne lukkekjensla – men også angsten i å kjenne kroppen falde seg ut, fysisk og seksuelt.

Så skjer det noko med språket frå s. 18: det løyser seg opp i brokkar i eit dikt kor det første teiknet til disharmoni viser seg: «men / havvannet / i mørket det slenger etter seg / / under / under meg / / skjønner du ingenting (…)». Då vaknar interessa mi for alvor! Så følgjer han på med eit nydeleg dikt kor det fragmentariske blir kombinert med ein overdådig biletbruk:

stående i den eplehagen med stokkrosespyd i hendene, tistler langs anklene og blåklokker i håret, sulten og sol i ansiktet løvetannblomstene våkner under føttene

når solens sønn tar et skritt over jorden

barnet som både er alene og ikke får det som det vil

jeg vokser

jeg kler hav og solen

er i solen, husker bare solen, kan bare solen og vil bare sol

Gjentakinga i bruken av blomstermotiv og i den avsluttande soltilbedinga viser at Lengali har teft for kva som gjer det poetiske språket forførande. Forma og tonen gir meg også assosiasjonar til to store finlandssvenske modernistar: Gunnar Björling (1887-1960) gjekk lenger enn nokon andre i å bryte opp normal syntaks og snu opp ned på høgt og lågt. Dikta er fulle av intense inntrykk, av dag, sol, luft, hav og blomar, og han har skrive ein av dei finaste boktitlane eg veit om: Men blåser violer på havet (1936). Han var homofil, noko som sjølvsagt var langt meir problematisk i Finland for hundre år sidan enn det er no, og spesielt i kjærleiksdikta skaper den brotne syntaksen ei kjensle både av det umogelege i kjærleiken og av å vere fullstendig overmanna: «Allt i dig / jag ber dig / allt, allt hos dig / o du stoft / ditt hår är som förut / din hand är lika» (Där jag vet att du, 1938).

Den andre store modernisten er sjølvsagt Edith Södergran (1892-1923) og hennar dramatiske, idealistiske visjonar i til dømes Landet som icke är (utgjeven posthumt i 1925). Ein treng forresten ikkje gå så langt bak i historia heller, assosiasjonane mine er nok prega av kva eg sjølv har jobba med. I norsk poesi er det Stein Mehrens (1935-2017) stormfulle og sanselege biletbruk det er mest naturleg å trekkje fram i denne samanhengen. Det må likevel seiast at alle dei eg nemner no har ei intellektuell og filosofisk tyngde som Lengali verken har eller viser ambisjonar om å ha.

I staden går han lenger inn i erotikken med den direkte språkbruken til ein generasjon som har vakse opp med fri sex og porno: «hendene mine holder i lårene dine, ballene dine i munnen min». Han har dermed den same råskapen og appellen som Ingvild Lothe (debuterte i 2016 med Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt), men legg til ein over-the-top-estetikk som blandar blomster, stjerner og sæd med slang; det respektlause med det lidenskapelege:

halla fittetryne, jeg vil ennå

jeg vil enda redde deg

Eg trur det vil treffe Skam-generasjonen midt i hjartet, og den strekk seg som kjent lagt oppover i aldersklassene. Lengalis talent viser seg i evna til å finne balansen mellom det trivielle og det høgstemde i biletbruk som talar sterkt og direkte. Det er så ein igjen kjem på at det vanlegaste av alt også er det som revolusjonerer alt og gjer verda ny.

Av Merete Røsvik

370 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: