Search
  • mari nymoen

Mellom kritisk analyse og sympati

Enkle løysingar i språk og komposisjon gjer at Tove Braathens debutroman plasserer seg i den lettare delen av det litterære feltet. Men ho har eit skarpt blikk for mennesketypar og det sosiale spelet vest i hovudstaden.

Tove Braathen

Alle disse dagene

Roman, 366 sider

Vigmostad Bjørke 2017

Då eg fekk Tove Braathens debutroman i hendene, tenkte eg at det sikkert var ein slik roman som kan gi ei lita flukt frå kvardagen, så eg tok den med på toget. Rett nok fekk tittelen meg til å frykte at boka kunne vere av det heilt banale slaget, sidan den spelar på det kjende diktet Förlusten av svenske Stig Johansson, som flittig sitering etter kvart har slite ned til ein klisjé: «Alla dessa dagar som kom och gick / inte visste jag att de var livet». Men togturen vart ikkje så verst. Romanen er lettlesen og engasjerande nok til å sluke nokre timar. Teksten har likevel ein del tydelege veikskapar.

Ikkje heilt krim Romanen startar med å introdusere fire kvinner som belyser historia frå kvar sin kant: Den pensjonerte, einslege Evy, lektor Ragni Sten som gjer seg klar til livet som pensjonist, tenåringen Emily (Em) og fostermora hennar Sara. Vi følgjer den første og den siste tettast vidare, og det er også dei forfattaren lukkast best med å portrettere. Evy er ei kvinne som har levd eit omskifteleg liv utan å slå seg til ro med eigen familie, og som no kjenner seg både mindreverdig og avhengig av ei bestevenninne som lever det etablerte villalivet med mann, barn og barnebarn. Sara er ei yngre kvinne som blir meir og meir utilpass i sitt tilsynelatande perfekte familieliv. Ho er skuffa over at fosterbarnet Em er høfleg og distansert i staden for å vere det kjærlege «bonusbarnet» ho hadde ønskt seg.

Då ein mann som Evy skulle på date med, blir funnen død i villaen på Vindern, blir endå ein person introdusert i handlinga; den sympatiske politimannen Sigurd Huse. Han står midt i ein vond skilsmisseprosess – noko som ser ut til å interessere forfattaren meir enn mordet han skal oppklare.

Braathen har god evne til å leve seg inn i menneske i ulike livssituasjonar, men det blir av og til langdrygt med mange omvegar og sidespor inn i dei ulike kvardagane. Det er i tråd med tittelen, men svekkjer komposisjonen.

Det er til dømes rart og irriterande at eit mord blir introdusert utan at lesaren får nærmare informasjon om korleis offeret vart funne, mordvåpen og så vidare, før heilt mot slutten av romanen. Og når mordgåta til slutt skal oppklarast, skjer det gjennom at versjonen til mordaren blir referert indirekte, som ei slags oppsummering av det hen har fortalt til politiet. I tillegg følgjer utviklinga av handlinga på det sosiale og romantiske området ganske føreseielege mønster; menneske går frå kvarandre og finn kvarandre omtrent akkurat slik dei innleiande rundane har skapt forventningar om.

Det er altså mykje å setje fingeren på her, spesielt er utnyttinga av det dramatiske potensialet dårleg. Likevel skaper det ei viss interesse hos meg at forfattaren rører seg i retning av ein kritisk, psykososial studie av Oslo Vest.

Enkle analysar Som innflyttar i Oslo har eg dei siste 25 åra observert kor merkbart skiljet i status mellom aust og vest er. Ifølgje personopplysingane på bokomslaget bur forfattaren sjølv på Grorud i aust. Det er difor påfallande at heile romanen foregår på vestkanten, som om austkanten ikkje finst. Ho gir rom for mange nyansar, men det er ikkje vanskeleg så sjå ein grunnleggjande skepsis i skildringane av hôlt statusjag, kriminelle rikfolk og irriterande idylliske familiar i kondisjonerte strok vestpå. Ikkje så lite av teksten tar for seg snobbete forbruk av økologiske råvarer, italiensk design handla på Frogner og liknande. Kontrasten finn vi hos den livskloke lektoren Ragni, som drikk te frå ei eldgamal tekanne med sprekk i lokket. Også hendingane som viser seg å ha motivert mordet, kan ein sjå som implisitt kritikk av statussamfunnet i vest.

Braathen har eit skarpt blikk, spesielt for ulike mennesketypar. Men analysane er for enkle, og det varierer kor godt ho lukkast med karakterteikningane. Tenåringen Em minner svakt om Lisbeth Salander i Stig Larssons Menn som hater kvinner, men blir fjern og idealisert. Skildringa av fostermora Sara, som er utsliten av å leve eit vellukka sosialt liv på premissane til ektemannen, er meir overtydande. Generelt ser forfattaren ut til å slitast mellom viljen til å påpeike kritikkverdige tilstandar og sympatisk velvilje for karakterane, noko som gjer resultatet meir tannlaust enn det hadde trengt å vere. Braathen kunne med hell ha utvikla vidare blikket for ulike typar i retning av det satiriske og humoristiske, slik Nina Lykke har gjort stor … eh; lukke med.

Alle disse dagene er ein roman som baserer seg på velkjende grep i både språk og innhald, og langt svakare enn den tematisk beslekta En moderne familie av Helga Flatland. Likevel set eg pris på menneskekunnskapen, og då spesielt i skildringa av den aldrande, usikre Evy som stadig kjempar for å vere god nok til å passe inn og høyre til.

Merete Røsvik Granlund

307 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: