Search
  • mari nymoen

Dikt med store bokstavar

Kristin Storrusten debutdikt om å vere nybakt mor er ikkje avanserte eller djuptloddande. Men dei er underhaldande, og eg er glad for at dei finst.

Kristin Storrusten

Barsel

Dikt,

Tiden 2017

63 sider

Debutdikta til Kristin Storrusten er god poesi på same måte som Bridget Jones dagbok av Helen Fielding er ein god roman (og film); dei er underhaldande og inneheld gode observasjonar, men ikkje avanserte og djuptloddande. Eg er likevel glad for at dei finst. Det er fordi Storrusten skriv om eit emne som er viktig for svært mange kvinner i ein avgjerande periode av livet: Kor tøft det kan vere å bli mor. Og det er tydeleg at det finst eit publikum som veit å setje pris på å lese om dette, sidan boka, som kom ut i haust, alt er trykt i nytt opplag.

Storrusten er ikkje redd for enkle poeng og daglegdags språk. Her finst det dikt kor punch line’en er: «Hva ville Fotballfrue gjort» og utbrot som: «Jeg hater bilsetetester, grøtvalg, barnehagestart, dette første året / Og kommentarfeltene som sier at mødre som meg er dårlige / / FØKK DERE».

Dette rett-frå-levra-uttrykket er samtidig styrken til samlinga, at ho tør å formulere sterke kjensler mange kan kjenne seg igjen i. Dermed føyer ho seg inn i ein sterk trend av diktsamlingar med eit lettforståeleg, prosanært uttrykk; eg har før i år meldt fleire slike samlingar av mannlege forfattarar på Flamme forlag. Barsel er dermed del av ei rørsle som ser ut til å revitalisere sjangeren gjennom å nå ut til eit publikum som vanlegvis ikkje oppsøker poesien. Også Ida Lórien Ringdals debutsamling Dette skjer ikkje, som kom ut på same forlag på nyåret og tok for seg singelliv og kjærleikssorg, har selt godt.

Som hos Ringdal er nok Storrustens bruk av svart humor ein del av suksessoppskrifta. Spesielt diktet om den nybakte mora som skal ta ein personlegdomstest når ho er tilbake på jobb, peikar seg ut for meg. Ho er litt ute av rutinen og svarar altfor ærleg: «Veldig veldig dårlig / Jeg reagerer veldig dårlig på stress / Mister hodet hver gang».

Sint på livet

Dette er likevel først og fremst ei samling som gir form til sinnet og frustrasjonen, og der ligg også mykje av krafta og appellen. Men eg synes Storrusten litt for ofte endar i det sjølvmedlidande og sutrete med formuleringar som «Dette var det ingen som fortalte meg» og «Oj sann, glemte vi å fortelle at du jobber i delte skift og evig bakvakt?» At livet med born faktisk er krevjande, kan sjølvsagt kome som ei overrasking om ein er vaksen opp utan nærkontakt med spedbarn eller barnefamiliar (som eg sjølv gjorde). Men å rette si eiga oppleving ut mot verda som ei slags skulding, har eg lite sans for. Det er ikkje nokon andre sitt ansvar at det i starten gjer vondt å amme eller at det er tøft å få lite søvn.

Likevel peikar Storrusten på noko viktig når ho i somme av dikta får fram korleis mange av oss slit med livet i kvar vår lille boks, med mange av dei same problema, men utan å klare å hjelpe kvarandre:

I hvert hus våkner vi og kjenner at vi ikke klarer det at jobben er feil og ungene er feil og partneren er feil og livet er feil og det kommer aldri til å gå over

Utenfra ser vi like ut men vi holder ikke sammen (…)

Sjølv om ein ikkje kan vente at livet skal vere enkelt, lever vi i eit samfunn kor presset på kjernefamilien kan vere enormt og kor det er altfor langt mellom opplevingar av fellesskap og solidaritet. Som Storrusten skriv i diktet som startar «Folk synes jeg er morsom»: «Men jeg ser det i øynene til dem som ikke ler.» Her får poeten fram desperasjonen som kan oppstå når ein kjenner seg heilt aleine med det som eigentleg er for mykje. Det er den alvorlege dimensjonen i samlinga, og difor er det viktig at Storrusten set ord på desse erfaringane.

Meir om å vere mor No er det ikkje slik at dei problematiske sidene ved å vere småbarnsmor er eit nytt emne i samtidslitteraturen. I romanform finn ein til dømes Det ingen har fortalt deg (2014) av Bergljot K. Nordal og Eg er mamma. Eg skal vere god (2009) av Kjersti Kollbotn. I poesien kan eg nemne ei bok som nesten er å rekne som ein norsk klassikar på feltet, og som Storrusten siterer frå i epigrafen: Jeg satte mitt håp til verden (2008) av Cathrine Grøndahl. Hege Woxen er ein annan Tiden-forfattar som skriv om det å halde på seg sjølv i eit travelt familieliv. I samlingane Endelig står verden på hodet (2015) og Krigeren på fanget (2017) skriv ho konkret, presist og pregnant om både dei fine stundene og ambivalensen mellom behovet for å vere saman og behovet for å vere aleine. Kristin Auestad Danielsens Merk mine ord, åleinemor (Gyldendal 2012) er også vel verd å bruke tid på. Det er altså meir å finne for den som vil lese fleire dikt om å vere mor. Det er trass alt noko som legg premissane for absolutt alt anna i livet.

Merete Røsvik Granlund

101 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: