Search
  • mari nymoen

Det skumle kretsløpet

Trass den knappe, prosaiske stilen merkar ein at Paal Maage Elstad si andre diktsamling har både eit distinkt lynne og eit intellektuelt prosjekt. Dette er gode dikt.

Paal Maage Elstad

Lysmøkk.

Lyrikk

Vigmostad Bjørke 2017

56 sider

Lysmøkk er ein tittel ein legg merke til. Etter å ha lese gjennom samlinga eit par gongar, ser ein at dette samansette ordet famnar omgrepspar store som eksistensen sjølv: Liv og død, skaping og forfall, natur og kultur. Diktet tittelen er henta frå, går slik:

Solen sparker fra fjelltoppen og fortsetter oppover

Vi blir igjen synlige for hverandre i ekskrementskyen den dumper over oss

Skjære Poet

Bøtte på bøtte med lysmøkk

At lys på denne måten blir framstilt som skit, er stikk i strid med det vi er vande med å tenkje om lys som symbol for alt som er godt – noko som straks får meg til å tenkje både på modernismens barndom i og med Charles Baudelaires Les fleurs du mal (1857, på norsk Det vondes blomar, Haakon Dahlen, 2014) og den dada-inspirerte, finlandssvenske poeten Gunnar Björlings (1887–1960) vilje til å provosere med formuleringar som «Gud och excrement». Samtidig kan ein tenkje seg både at lysstråling er eit slags avfallsprodukt frå forbrenninga på sola, og at det lyset gjer synleg for oss, ikkje alltid er så lekkert. Poeten blir, som skjæra, ein som plukkar opp alle dei små tinga lyset blinkar i, om det er skattar eller søppel. Når eg tenkjer på det no, slår det meg at både lys og møkk er livgivande; begge delar driv vidare det kretsløpet eksistensen er. Det er eit sentralt motiv i Lysmøkk.

Lynne og intellekt Paal Maage Elstad debuterte som poet med samlinga Kun en liten del av universet i 2015 og vart for den nominert til Tarjei Vesaas debutantpris. Når han no kjem med samlinga Lysmøkk, er uttrykket på mange måtar likt debuten, men meir konsentrert og direkte.

Om lag to tredjedelar av dikta har form av korte prosadikt, og dei fem første skildrar kva som skjer med eit lik som blir brent i eit krematorium. Her er menneskekroppen eit avfallsprodukt ein må kvitte seg med på effektivt vis, og slik slettar ein også siste spor av erfaringane til det spesifikke mennesket. Poeten går altså hardt og mørkt ut, men ikkje utan glimt av sjølvironi: «Og for oss som er tekstlig priviligerte og ser inn i det lysisolerte kistemørket, kan det se ut som det svetter (…)». I dei påfølgjande dikta kjem eit «jeg» til synes som deler refleksjonar, sanseinntrykk, hendingar og draumar i ei form som ved første blikk har eit visst preg av dagbok.

Trass den knappe, prosaiske stilen merkar ein straks at samlinga har både eit distinkt lynne og eit intellektuelt prosjekt. Elstad nyttar gjerne framandord som «detereorere» og «skotopiske». Han brukar metaforar med nøysemd, og når han brukar dei, kan det vere at standard, overført meining blir omgjort til noko konkret. Til dømes blir det «å fordype seg i hverandre» ein fysisk realitet i materielt forfall etter døden. Samtidig ser diktaren rundt seg med eit blikk som leitar etter metaforiske samanhengar, som når lag på lag av avføring i do blir sett som «en illustrasjon av hjernen eller månens overflate.»

Sjølv om ho i form og tematikk først verkar enkel, er Lysmøkk ei gjennomkomponert samling. Det kjem spesielt fram gjennom eit spel mellom «naturleg» og «kunstig» som finst i fleire dikt, som når det til dømes heiter at etterlivet måtte hatt «et kulisseaktig preg for å være kredibelt». Eller når eit dikt som vert presentert som «INNTRYKK FRA NATUREN:» viser seg å skildre to dråpar på eit måleri. Om ein skal lese dette som ein påstand om at dikotomien natur-kultur er falsk, veit eg ikkje. Men at møtet mellom, og forskjellen på, levande og død materie har stor eksistensiell relevans for oss alle, etterlet lesinga liten tvil om.

Sansekunst Biletkunst og musikk er motiv som går igjen, og det skaper dynamikk at diktaren kommenterer og går i dialog med kunsten. I to dikt protesterer han til dømes mot «språkbarrieren Weidemann insisterer på å svøpe maleriet Epletreet inn i» – fordi tittelen ikkje stemmer med hans eigne assosiasjonar. Heile samlinga ber preg av at poeten «les» verda rundt seg som om alt var språk, og på side 45 stiller han det ein kan kalle ulike språkformer mot kvarandre: «budskapsløse meldinger» i snøen, Pollocks måleri som «snirklete kart» og «det kalde språket i en domsavsigelse».

Det prosaiske svartsynet får meg til å assosiere til Henrik Nor-Hansens dikt – sikkert fordi eg nyleg las heile forfattarskapen. Men Nor-Hansen er ein god del eldre, han har rekt å bli hakket meir avansert og har også tydelegare humoristiske innslag. Anne Helene Guddal står Elstad endå nærare både i form og nivå. Det er elles naturleg å tenkje seg at Tor Ulven ruvar ein stad i bakgrunnen her.

Lysmøkk inneheld eksistensiell angst, godt jorda tankeverksemd, språkleg kreativitet og glede over konkrete sanseopplevingar, alt strengt disiplinert av nedstrippa formuleringar. Dermed kan ein seie at diktaren har lukkast med å gjere det Gunnar Björling har formulert slik: «att trycka i graven en ångest – som blommar». Kort sagt: Solid, poetisk arbeid har blitt konsentrerte, gode dikt.

Av Merete Røsvik Granlund

57 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: