Search
  • mari nymoen

Demokratiske dikt

Håvard Nilsen skriv lett tilgjengeleg om kor eksistensielt viktige estetiske erfaringar kan vere, men manglar formuleringane som skjer inn til kjernen.

Håvard Nilsen

Litt som den sangen

Poesi

Flamme 2017

Vi har alle vore der: Hatt ei så sterk oppleving av ei låt, eit dikt eller ein film at vi berre må dele med andre – og kjent fellesskapen i å like det same. Med diktsamlinga Litt som den sangen gir debutant Håvard Nilsen eit metaperspektiv på fenomenet gjennom ei rekkje konkrete og kommenterte døme.

Lydspor til livet

«Til Monica» står det på tittelbladet. I tillegg er det følgjande sitatet frå ein roman av Jon McGregor brukt som epigraf: «If you listen, you can hear it. / The city, it sings.»

Begge deler karakteriserer samlinga godt: Nesten alle dikta tar utgangspunkt i dei sams opplevingane til eit kjærastepar som stadig er på farten til nye byar og landskap. Passande nok startar første dikt in medias res, altså midt i ei pågåande hending: «og da vi kjørte over broen og inn i verden, satt jeg i forsetet / jeg hørte på Fear of a Blanket Planet og skjønte at Porcupine Tree / visste noe som jeg trengte å vite». Det er altså ikkje berre byen eller opplevinga av byen som «syng», det er verkeleg musikk som blir spelt i konkrete situasjonar dei seinare for alltid vil minne om, slik vi alle har erfart.

Men skildringane viser også at musikk, litteratur og film er langt meir enn tilfeldige, estetiske minneforsterkarar. Kunst formar snarare korleis vi opplever liva våre. «føles ikkje dette litt som det diktet, sa du» er ein typisk replikk i dikta.

Dei mange musikalske referansane ligg som eit potensielt lydspor gjennom heile boka og gjer lesaropplevinga meir intens og «multimedial» di fleire av låtane ein kjenner til. Ville eg ha likt boka betre om eg tok fleire av referansane? Kanskje. For paret i boka er estetisk fellesskap så viktig at «første felleseie egentlig var en setning» (frå R.E.M.-plata Out of Time). Dermed blir dikta, som også kan lesast som éit langdikt, i stor grad historia om eit vi som «henger sammen i bøkene og sangene». Meir universelt blir «lydspor» til linjer som bind hendingar, stader og folk saman til heile liv.

Plateprat Nilsen er ikkje ein språkutforskande, og i alle fall ikkje ein språkutvidande poet, her er daglegspråket så einerådande at termen «knekkprosa» ligg snublande nær. Uttrykket ligg ein stad mellom poesi og forteljing, og det med eksplisitt referanse til førebiletet Thomas Marco Blatt og debutsamlinga hans, Slik vil jeg måle opp verden (2006). Det finst også dialogar som minner sterkt om Nils Øyvind Haagensens God morgen og god natt (2012), som denne tannlaust søte skildringa av oppgjer etter ein krangel: «nå forstår jeg kva du mente / jeg også / forstod du det ikke før? / nei». Nilsen er eit stykke unna nivået til førebileta.

Dikt som er lett tilgjengelege i både form og innhald kan vere stemningsfulle og fine, og eg har ikkje noko imot at poetar gjer det Thomas Marco Blatt kallar å «utvide diktet / skape et demokratisk dikt» (Overalt bor det folk, 2008). Men det er ein stadig balansegang mot det lettvinte og pratete, og Nilsen er innimellom både på og over den grensa.

Samlinga har likevel ei nostalgisk stemning som er ofte er fin, særleg når Nilsen skildrar sitt heimlege landskap nordpå eller andre tablå som ikkje druknar fullstendig i særnamn. Det er også ein kime til noko spennande i dei mange referansane til «kronikøren», ei kvinne som dukkar opp overalt. Dette må jo vere ein personifikasjon, kanskje av det sjølvmedvitne blikket ein som skribent kan få på seg sjølv og det som skjer? Men eg saknar ei utvikling av dette og andre element i teksten slik at dikta i tillegg til å inviterer lesaren inn i konkrete situasjonar kunne opne vidare perspektiv.

Forsøket på å seie noko generelt om kva estetiske opplevingar betyr for sjølve livsopplevinga, kjem altså ikkje heilt i mål. Ikkje fordi tematikken er utydeleg formidla, snarare tvert om: Gjennom eit mangfald av detaljar vil Nilsen å formidle ei kjensle dei fleste av oss kjenner svært så godt. Men han har ikkje funne formuleringane som kan samle eit mangfald i seg og slik gjere det kjende tydeleg på ein ny måte.

Merete Røsvik Granlund

83 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: