Search
  • mari nymoen

Mennesket i naturen, naturen i mennesket

Bendik Vadas minimalistiske debutdikt skaper rom og ro til å fundere over at også menneskje er spede spirar som treng ein stad å stå.

(Foto: Oktober)

Poesi Bendik Vada: Vak Oktober 2017

«Du skal itte trø i graset, spede spira lyt få stå», skreiv Einar Sjæråsen i det som kanskje er vårt mest kjende økodikt. «Du er sjøl en liten vek en», heiter det i siste strofe. I diktsamlinga Vak har debutant Bendik Vada skrive dikt som både i motiv og form uttrykkjer denne skjørheita og dermed tar Skjæraasens formaning inn i vår tids poetiske språk:

æ sutte på inntørka rognebær

dyr i torva fortelle mæ at æ ska lytt til skjørheten

skrittan lage egne ras

Samspelet mellom motiv og språk i diktsamlinga Vak får meg til å tenke på kor eksplisitt dialekter uttrykkjer tilknyting til ein bestemt del av geografien. Dei seier noko om kulturell identitet, men kanskje like viktig i denne samanhengen er det at dei synlege og høyrlege dialektmarkørane motverkar den abstrakte dimensjonen i språket: Dei viser at diktaren er forma av ein konkret stad, eit bestemt landskap.

Skjæraasen og Alf Prøysen var tidleg ute med å skrive dikt på dialekt, men dei siste åra har det igjen blitt vanleg at poetar slik løfta fram plassen dei kjem frå på: Til dømes har Erlend Nødtvedt brukt bergensdialekt til å skildre bymiljø i Bergen og fjordlandskap i Hardanger. Morten Langeland har skrive fram livet i skjergarden og havet på kristiansandsdialekt, medan Guri Sørumgard Botheim har skildra fjellbygda på gudbrandsdalsdialekt.

I Vada si debutsamling på trønderdialekt er vi i skogen. Diktareget er ein mann som bur i ei hytte saman med kjærasten, og dynamikken mellom «eg» og «du» er eit viktig utgangspunkt for dikta. Samtidig blir naturen skildra nesten som ein tredje part, som eit medium for både ytre og indre handling.

Erotikk og angst

Den 58 sider lange samlinga har tre delar med titlar som set stemninga: «ei grantell bekke» (eit grantre veltar), «paukan syng i øret» og «skifer glir bort». Det er bilete som signaliserer uro, noko ukontrollerbart og ustadig, og det verkar rimeleg å tolke samlinga som historia om ei indre reise; diktareget må finne sin eigen veg og sin eigen stad i verda. Motiv frå frå hytteliv og natur vert nytta for å få fram indre drama knytt til viktige livsval. Kjærasten vil ha barn, og sjølv om det ikkje blir sagt direkte, kan det vere ein ikkje planlagt graviditet som utløyser krisa:

det hele endt med at æ pakka sekken og forlot dæ i ei hytte med barnåla i magen og høstløv i håret

Eg tolkar altså barnåla i magen som eit bilete på eit foster, sidan tidlegare dikt gir grunn til å tru at det er ein samanheng mellom seksualitet og denne vesle plantedelen. Samlinga startar med å vise til eit jordskjelv og eit grantre som velta. Dette kjenner eg meg langt frå sikker på, men ein kan tenke seg at det seier noko om ei sterk oppleving av romantikk og erotikk. Eit anna dikt kretsar rundt motiva sol og vatn, kropp og svette laken, men det kan like godt handle om angst som erotikk. Mykje tydar på at det heile blir for intenst for mannen når kjærasten vil ha barn: «alt æ høre/ e ryggradraset / og ribbeinan / som svikte».

I neste del av samlinga gir han seg i ut i fjellandskapet, og måten han ferdast i naturen på blir biletlege uttrykk for kva som skjer inni han. Her dukkar også ordet som utgjer tittelen på samlinga opp:

æ bøye buskan te side for å sje mæ sjøl æ sjer

et vann som bare speile

ikke engang skjelv av et vak

«Vak» betyr her rørsler i vassflata som viser at det står fisk der, og diktet har ei vending i seg: Diktareget har trekt seg unna for å vere aleine, men når han ser på vatnet for å sjå seg sjølv, er det som at det er eit sakn at han berre ser speilbildet av seg sjølv i vassflata, at han ikkje ser teikn på liv under vatnet. Tanken går dermed til eit anna liv ein ikkje kan sjå: Det i magen til kjærasten.

Del av naturen

Siste del handlar om forsoning, om å skape seg sjølv, men også sjå lenger enn til eigne behov, og om å høyre til i eit landskap ein sjølv er med på å forme:

imårra ska æ hul ut elendige halla gro ei eng så ungan trives

kor e du fra helt te slutt

Den plassen naturen har fått i oppbygginga av dikta viser eit samsvar mellom det som skjer inni mennesket og ute i naturen. Og når er vi meir natur enn nettopp i forplantinga? Berre uttrykk som «forplanting» og det «å ha røter ein stad» seier sitt.

Sjølv om eg les naturskildringane hos Vada som uttrykk for indre drama, formidlar dei ei kjensle av å høyre til, leve i og kjenne fellesskap med naturen. Alle som har flytta frå barndomsbygda si veit at sjølv om banda til naturen ein vaks opp i ikkje er fysiske, så heng noko i oss fast der likevel.

Sjølv om forma og uttrykket er annleis, har motivkretsen i Vak mykje sams med ei av diktsamlingane til tidlegare nemnde Morten Langeland. Den egentlige kommunen (kor han ikkje lenger skriv på dialekt) skildrar både ein intens kjærleiksrelasjon og å bu i skogen (men ikkje samtidig). Samlinga gir også eit eksistensielt perspektiv på kva det er å vere i ein livsfellesskap (kommune=kommunion=fellesskap), og siste setning lyd slik: «vil du ha barn med meg?»

Et anna interessant aspekt ved Vadas dikt er at han flittig brukar kroppen som bilete, og gjennom det vektlegg ulike dimensjonar ved mennesket som natur og kultur. I siste dikt seier han i ekstremt fortetta form noko om å lage seg sin eigen stad i universet:

æ mure et sfæretak

mellom buskekvistan

øyet pikken og adamseplet brenn stillferdig her i ly

Kva står øyet, pikken og adamseplet for? Det er naturleg å tenkje at det er høvesvis sansing av verda, driftslivet og både evna og trangen til å uttrykje seg. Adamseplet kan også symbolisere fysisk appetitt og tørst etter kunnskap – tenk på Adam i Paradis som åt eplet frå Livets tre for å bli som Gud og få kunnskap om godt og vondt. Det er også ein viss ambivalens i ord som «mure» og «brenn» – som i å mure seg inne eller brenne inne med noko.

Med Vak har Vada gjort ein fin debut. Han teiknar ikkje opp eit idyllisk bilete verken av å vere i ein kjærleiksrelasjon eller av det å høyre til i naturen, men viser snarare at å vere del av ein fellesskap også inneber band og krav. Dei små dikta er langt meir innhaldsrike enn dei kan verke ved første blikk, og biletbruken er både konsentrert og open for tolking. Det er også ein musikalitet i det å byggje dikt av så få ord; kvar lyd og kvar pause får ei eiga vekt. Slik skaper dikta si eiga, innhaldsrike ro – ikkje ulikt ein tur i skogen.

Merete Røsvik Granlund

183 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: