Search
  • mari nymoen

Det mytestoffet livet er vevd av

Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med rike, gåtefulle og særs velklingande dikt som veks ved nærlesing.

Catherine Blaavinge Bjørnevog

Um sakne springe blome

Samlaget 2016

Lyrikk

Kr 269,-

Det har alt oppstått ein «buzz» rundt Catherine Blaavinge Bjørnevog og hennar særprega debutsamling Um sakne springe blome, som er like delar song og soge. Men den historia dikta til saman dannar, er ikkje lineær og lettfatteleg. Snarare er dette ei soge kor element av det overnaturlege eller fantastiske skaper ein springande draumelogikk – kor motiva i like stor grad er bilete på sterke kjensler som representasjon av hendingane som utløyste kjenslene.

Det spesielle med denne debuten er at Bjørnevog nyttar eit lydmalande nynorsk, konstruert av arkaiske nynorskformer og talemåtar frå dialekter som minner om setesdalsdialekt og sognedialekt. Ein kan høyre henne lese sjølv i opptak på Youtube. Men berre ved å lese skrifta, får eg assosiasjonar til så ulike tekstar som Kristoffer Uppdals dikt på landsmål og til Øyvind Rimbereids språkblandande framtidsspråk i Solaris Korrigert. Bjørnevog går også inn i trenden med dikt på dialekt, tidlegare i år representert ved Guri Sørumgård Botheims debutsamling Heime mellom istidene. Like slåande er formuleringar som gir assosiasjonar til den nynorske 1938-bibelomsetjinga, spesielt Høgsongen («O kom aup me / kjærleiki mi / E he vente pau ti / sia morgon/», Klagesongane («kvefo straffe deu me so») og Johannes Openberring («o himle o fjell sku opna se / o have sku lyfte / ei ny verd»). Dermed gir teksten like mykje kjensla av mytologisk tid som ei bestemt historisk tid.

Eventyrmotiv

Dette ser ein òg i at eit sentralt motiv er henta frå norske folkeeventyr: Mannen som er forheksa og må vere bjønn om dagen, og som berre kan bli frelst om kvinna hans klarer å motstå freistinga til å tenne lys om natta for å få sjå korleis han eigentleg ser ut. Motivet, som finst både i «Østenfor sol, vestenfor måne» og i «Kvitebjørn Kong Valemon», minner mykje om den greske legenden om Orfeus som skal få hente Evrydike attende frå Dødsriket, men har fått beskjed om at han vil misse henne om han snur seg for å sjå på henne før dei er ute. I begge tilfelle er lengten for sterk; Orfeus snur seg og kvinna tenner eit talglys for å sjå mannen sin, og begge misser dermed den dei elskar mest.

I eventyret vinn kvinna mannen sin attende ved å følgje etter og kjempe for han, men i diktsamlinga har Bjørnevog brukt det klassiske motivet som utgangspunkt for noko langt mørkare. Som i «Kvitebjørn Kong Valemon» føder kvinna tre born, men her blir dei ikkje gode hjelparar, ho berre misser dei, ein etter ein.

Dikta er bygd opp av ulike stemmer og samlinga er delt inn i ulike «talar» som Bonntale (altså barnetale), Skuggetale og Gudetale. Spesielt partia kor Gud talar, gjer det tydeleg at dette er ei soge om straff, og kanskje også om farane i attråa: «Deu tende ljoset / aut no ske di attrå bi ei fraustid utan ende». Mot slutten av boka blir kvinna sett utanfrå på ein måte som får ein til å tenkje at dette er ein fantasi rundt ein tragisk lagnad som har ført kvinna inn i galskapen: «Dei fann ho vandrande atte vegen / med guldsakse im handi».

Gåtefull smerte

Eg les dermed dikta som forsøk på å gi stemme til dei som lid mest, dei som misser alt – men sakte. Der Jobs bok i Bibelen – verdas mest kjende historie om å sjå meining med livet i møte med liding – endar med at han får att alt det han tapte fordi han klarer å bevare trua på Gud, får kvinna i desse dikta inga trøyst. Det einaste lille glimtet av håp som finst, er knytt til ei tru på at det, som i Johannes Openberring, skal kome ei ny verd: «aut nye Hav ska me kome / o fulleine ske foreiningje bi».

Teksten har mange gåtefulle element som ein kan lese både som overnaturlege hendingar, som hallusinasjonar eller biletlege uttrykk for psykisk smerte: Etter å ha født ein velskapt unge, får kvinna ein unge til som «krafsa se aut ur me / Naglane sorte sum bjónneklo» og har svarte fjør på ryggen. Ein tredje unge er «lita o bleik me auge vende kvite», altså blind.

Gullkransen og gullsaksa frå «Kvitebjørn»-eventyret dukkar opp, og kanskje er det den kransen kvinna ser som ein «gulbrone blome» ho må bere som ei bør. Den førstefødde og «venaste» ungen har naglemerke i hendene. Både naglemerke og krans, som i tornekrans, er symbol for Jesu liding i Bibelen. Uansett korleis ein tolkar einskilde element som dette, ligg det ei tung kjensle over dikta, ikkje berre av lengt, men av skuld, smerte, fortviling og galskap. Det blir konkretisert gjennom at det er vinter, haust og natt, klassiske bilete på sorg og depresjon: «Natta he inkje ende». Mot slutten er det også snakk om dyr som blir skotne, hus som vert rivne, sorg og skrik. Det er med andre ord ein mørk virvel av ein dystopi det vakre språket avdekkjer, utan at det er klart akkurat kva som skjer, om det er krig eller andre katastrofar.

Sørgjesong

Eg må seie at eg i utgangspunktet er skeptisk til det å nytte arkaisk folkemål for å skape ei intensivert poetisk stemning – «nynorsk er jo så vakkert i dikt», liksom. Men når eg les – og høyrer – tekstane, merkar eg at det verkeleg er vakkert. Bjørnevog har skapt eit mjukt, klangfullt språk, og ho brukar gjentaking og setningsrytme fint og uttrykksfullt. Ho nyttar ikkje ofte similer og metaforar, men dei som fins, er enkle og smakfulle: «o tilst vindauga fell myrke lest deu me hengje / sum attfrosen draupe / te kuldegreine.»

Det er interessant korleis dei musikalske kvalitetane i det konstruert alderdommelege språket opnar for eit patos som ville ha vore nærmast omogeleg å skrive fram med moderne språk og talemåtar. Ikkje faktisk umogeleg, sjølvsagt, men det er lett å tenkje seg at dikt som formidla det same innhaldet på bokmål, spesielt, ville ha blitt avskrive som altfor sentimentalt og høgstemt.

Nettopp der ligg både faren og fascinasjonen i eit slikt prosjekt: Eit så påfallande særprega og musikalsk språk kan kome til å ta heile merksemda, slik at motivasjonen for å lese all teksten grundig stuper så snart ein merkar motstanden språket også yter. Dermed kan viktige tematiske dimensjonar kome i skuggen av språket. Samstundes kan ein gjennom å skape om sjølve språket gi plass til andre kjensleuttrykk enn dei vi vanlegvis er opne for å leve oss inn i.

Eg lurer på om det er noko med samtida vår som oppmuntrar til å leite etter noko autentisk i det arkaiske. Er dette på sett og vis poesiens versjon av Game of Thrones? Eg trur ikkje verken fantasy-serien eller dette diktarspråket først og fremst er eskapisme eller dyrking av arketypisk mytestoff, snarare gir begge deler uttrykk for vanskelege kjensler knytt til ekstreme eksistensielle drama i vår eiga tid, enten dei skjer i flyktningeleirar, krigssoner eller flyktningemottak i Noreg. Det er diverre ikkje slik at liding som den Bjørnevog skriv om høyrer fortida til.

Um sakne springe blome er ein rik, gåtefull og særs velklingande debut som veks ved nærlesing.

Av Merete Røsvik Granlund

92 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: