Search
  • mari nymoen

Jenta som ville vere noe anna

Marianne Clementine Håheims romandebut gjekk under radaren for dei aller fleste i fjor. Synd, for boka er knallgod.

Foto. Andreas E. Nygjerd/Forlaget Oktober

Marianne Clementine Håheim

Svart belte

Roman

Forlaget Oktober

106 sider

Det finst bøker som du går glipp av fordi dei ikkje gjer så mykje ut av seg, verken i media eller i bokhandelen, bøker som ikkje blir lest fordi merksemda fell på bestselgarane, dei som ropar høgast.

Denne vesle boka, med den hardtslåande tittelen Svart belte, er ei slik bok, som utad ikkje ser ut til å rope høgt. Både når det gjeld format og omslag, kan det verke som den heller vil gøyme seg bort i mylderet av andre bøker, kanskje litt som ein tenåring med eit personleg problem som ho ikkje vil skal leggast merke til. Kanskje slit ho med sjølvbiletet. Kanskje tykkjer ho at ho har for store lår.

Liv blir til her eg bur. Om våren legg søyene seg ned og føder rett i hendene våre, pappa fjerner slim frå små munnar så dei første breka kan sleppe ut.

Slik opnar Svart belte; bondeidyllisk frå eit småbruk på Vestlandet, eit landskap eg sjølv kjenner meg godt igjen i. Eg-personen, ei jente på 13 år, veks opp på ein gard og alt verkar fint. Ho har fått sin første sommarjobb, på det lokale hotellet. Så snur stemninga umerkeleg, nesten brått. Og her er vi inne på noe av den store styrken til Marianne Clementine Håheim: dei små detaljane som kan velte ei historie, som kan snu om på ei scene. Det krevst poetisk presisjon og stort språkleg talent for å håndtere noe slikt. Til dømes når ho skildrar kollegene sine på hotellet:

Der inne jobbar det menneske alle stader frå, frå hóler i bakken og sprekkar i asfalten. Dei er merkte i andleta og harde der eg er mjuk.

Farlege ord

I roleg og beherska tempo teiknar Clementine Håheim opp ei verd der eit tilsynelatande ufarleg ord som ”mjuk” er noe farleg, noe eksplosivt. Den, skal vi sei, modne tonen som kjem av det rolege tempoet, tyder på at forfattaren sjølv har fått opplevingane på avstand, at det er rett tidspunkt for henne å skrive om dette. For det er ikkje vanskeleg å skjøne at Svart belte er ei sterkt personleg bok, der hovudkarakteren heiter Marianne og der handlinga er lagt på heimstaden hennar i Sunnfjord.

Ein stad skriv ho at familien hennar er ”mjuke folk” ”som samlast glade rundt maten”, og reflekterer over kva som eigentleg er galt med det:

Kva kan dei ha gjort gale? Kvar har eg lært meg det harde og kalde, tause og sinte?

Men det er altså dette den 13 år gamle hovudkarakteren søker etter: Ho vil bli annleis enn resten av familien sin. Ho vil bort frå det romslege livet dei lever, ho vil leve annleis, ho vil bli det motsette: ”harde og kalde, tause og sinte”.

Ho skildrar skiftet som eit ord som endrar skinn. Lengta etter å bli noe anna, ein annan person, ei anna jente, driv henne til å kaste opp maten:

Sjå: Ein ny slange kjempar seg ut av ein tørr ham. Eg et cornflakes med vatn på og skjer brødskriver som knapt eksisterer, finn stadig nye angrepsvinklar. Svolten held meg varm og vaken. Dette er livets mirakel: å vakne kvar dag til eit litt anna speglbilete, å føle større og større avsky ved tanke på loff og honning. Omsorga eg føler for kroppen som veks fram, må vere lik omsorga ei mor føler for sitt nyfødde barn: I går var han der ikkje, i dag betyr han alt.

Dette er sterkt, presist og originalt skildra. Sjølve biletet av ein slange som skiftar skinn, er ikkje spesielt nytt, men etablerer eit bilete av ein prosess som er i gang, eit sjukeleg prosjekt som er etablert. Dei små detaljane om cornflakes og vatn kjennes meir framande for meg som lesar og som ikkje har erfaring med spisevegring. Men eg ser for meg kor lite det er, dei små cornflakesbitane og det gjennomsiktige vatnet, som tar plass i magesekken, men som ikkje dannar feitt. Å samanstille prosjektet med å bli ei ny jente, ein ny og spinklare person med å vere ei fersk mor som akkurat har fått eit barn, skapar perspektiv og refleksjon hjå lesaren: ein får forståing for hovudpersonens desperate ynskje om å bli noe heilt anna enn det ho er. Det gjer vondt å lese, samstundes som det er vakkert og godt skrive.

Problema til hovudpersonen blir lagt merke til og etter kvart får lesaren ta del i ei rystande historie om korleis ei ung jente får ”svart belte” i å lure omgivnaden sin: korleis ho klarer å kaste opp i det skjulte, late som ho et. Både helsepersonell og foreldre let seg narre.

Modig gjort

Det er skrive om spisevegring tidlegare, blant anna av Mette Karlsvik, som debuterte med den fine Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som handlar om å gå frå vere eit barn til å bli vaksen og om ei jente som ikkje ynskjer å vekse. Men sjølv om spisevegring har mange av dei same symptoma frå person til person, er også sjølvsagt kvar tilfelle av spisevegring unik. Difor kan kvar nye bok om temaet vere viktig, viss det er godt skrive.

Marianne Clementine Håheim debuterte med lyrikk i 2012 med Bilydar, ein sterk debut, kor Håheim viste stort poetisk talent. Sjølv om ho vandra i velkjent poetisk landskap og tydde til etablerte symbolar som fuglar og skog i tekstane sine, hadde ho også evne til å tilføre dikta sine noe nytt.

Med romanen Svart belte viser ho solid utvikling i forfattarskapet sitt. Det er modig gjort av forfattaren å opne seg opp slik ho gjer, og det er imponerande at ho klarer å løyse det på ein så lesverdig måte. Svart belte kan vere viktig for folk som sjølve har opplevd spisevegring, men også viktig for dei som opplever spisevegring i nær omkrets, som sysken, vener eller kjærastar. Håheim lukkast med å setje ord på dei vanskelege kjenslene. Kor godt det er å halde seg svolten. Korleis det er å kjenne magen trekke seg inn, slik at den når bak til ryggen. Korleis det kjennes å vite at kroppen kvar morgon har litt mindre å bere på.

Brynjulf Jung Tjønn

149 views0 comments

Recent Posts

See All

Annonser:

  • Facebook B&W
  • Black Instagram Icon
  • Twitter B&W

Littkritikk.no er støttet av: